Om sal og utleige av strålekjelder

  • Meldeplikta gjeld verksemda som eig eller leiger ei strålekjelde. Det kan hende at strålekjelder vert seld eller leigd ut til ei anna verksemd og EMS er førebudd på slike transaksjonar

  • Prosess for sal eller utleige er:

    • Skaff opplysningar om «EMS ID» for kva rom/plassering strålekjelda skal tilordnast i verksemda til kjøpar eller leigetakar

    • Finn fram aktuelt meldenummer for strålekjelda – klikk på knappen «Redigere» til høgre i visinga «Mine meldingar» og vel ny kjeldestatus (seld eller utleigd)

    • Dersom sal, to nye felt vil synast 1) Spørsmål om strålekjelda vert seld til kunde utanfor Noreg – då kan det kryssast av her, eller 2) dersom sal i Noreg, synast eit felt med tekst «Seld til (EMS ID)» og i feltet skrivast eller kopierast inn identiteten til rom/plassering (EMS ID) hos kjøper eller leigetakar. Når EMS ID er oppgitt, og markør vert klikka ut av feltet vil namnet til verksemda for den oppgjevne EMS-ID synast automatisk etter teksten «Seld til»

    • Dersom utleige, eit nytt felt vil synast «Utleigd til (EMS-ID)» og deretter likeeins som for sal over

  • Skriv inn eventuelle kommentarar om salet/utleige, og klikk «Lagre og send inn»

  • Melding og sal/utleige går då til kjøpar/leigetakar og Strålevernet

  • Kjøpar/leigetakar må akseptere/avslå kjøp eller leige for å sluttføre transaksjonen, og Strålevernet vil handsame handlinga.