Byggje verksemda sin struktur

  • Det er formålstenleg å lage ein organisasjonsstruktur i EMS som speglar den faktiske organiseringa av verksemda med avdelingar, underavdelingar, rom/plasseringar osb.

  • Det er to knappar tilgjengeleg for å laga ein organisasjonsstruktur; «Opprett avdeling» og «Opprett rom/plassering»

  • For å opprette ei avdeling klikk «Opprett avdeling» og du vert ruta til sida «Opprett nytt avdelingsnivå i verksemda»

  • Skriv inn obligatoriske felt merka med *

  • Få meir informasjon for nokre felt ved å halda markør over tipssymbolet  

  • Pass på at avdelinga vert plassera på riktig node – bruk node-feltet øverst: «Vel nivå for ny avdeling i verksemda»

  • I nokre verksemder har avdelingar eigne organisasjonsnumre og kan oppførast i feltet organisajonsnummer

  • Viktig: når meldingar om strålekjelder skal opprettast må disse tilknyttast eit rom eller ei plassering i ei avdeling

  • Rom/plassering vert oppretta ved å klikke «Opprett rom/plassering», fyll ut obligatoriske felt merka med * på sida «Opprett rom/plassering i avdeling», pass på at rom/plassering tilknyttast rett avdeling og avslutt med «Stadfest og opprett». Rom/plassering har lys grøn skriftfarge i organisasjonsoversikta på venstre side.