top of page

Om kjeldestatus og meldestatus

  • Kjeldestatus er ein informasjon om gjennomførte eller planlagde hendingar, knytt til strålekjelda

  • Kjeldestatus kan ha verdiane:

    • Avventar – kjeldestatus er ikkje bestemt eller ikkje kjent når meldinga sendast til Strålevernet

    • I bruk – Strålekjelda er i bruk eller skal takast i bruk straks meldinga er handsama av Strålevernet

    • Ikkje i bruk/På lager -  Strålekjelda er teken ut av bruk, satt på lager o.l.

    • Utleigd – Strålekjelda er utleigd eller det er planlagd utleige til ei anna verksemd

    • Seld – Strålekjelda er seld eller det er planlagd sal til ei anna verksemd

    • EE-avfall/kondemnert – Strålekjelda er kassert, skrota, levert som EE-avfall

    • Deponert – Radioaktiv strålekjelde avhenda til nasjonalt deponi for radioaktivt avfall

    • Attende til forhandlar – Strålekjelda er returnert attende til forhandlar eller leverandør

    • Sakna – Strålekjelda er sakna, ukjend kor den er

    • Stole – Strålekjelda er stole

    • Registrering mislukkast – Meldinga om strålekjelda har feil, er dobbelt registrera, det er nytta feil meldeskjema, eller meldinga har annan feil

  • I visningsmodus (sjå «Vis mine meldingar») er nokre fleire kildestatus verdiar mogelege:

    • Alle – Viser alle meldingar uavhengig av kjeldestatus

    • Alle unntatt historiske - Viser alle meldingar, men ikkje meldingar merka historiske – Dette er standardverdi i menyen «Mine meldingar»

    • Historiske – Meldingar som det ofte ikkje er naudsynt å vise, men som har ein historikk. Kjeldestatusverdiar som er merka historiske er: Seld, Flytta, Savna, Stole, Deponert, Registrering mislukkast, EE-avfall/kondemnert, Returnert til forhandlar, Leige avslutta, Verksemd nedlagd

    • Krev oppfylging – Ei melding som ikkje har alle opplysningar når den vert innsend, til dømes manglande serienummer, bruksområde, manglande stadfesting frå motpart ved sal eller utleige, avventande kjeldestatus o.l. I menyen "Mine meldingar" er meldingar som krev oppfylging markert med en gjennomsiktleg rosa farge.

    • Flytta – strålekjelder flytta internt i verksemda. Ei endring som gjeld intern flytting av strålekjelde går ikkje til Strålevernet for handsaming

  • For å melde ei endring i kjeldestatus bruk knappen «Redigere», vel ny kjeldestatus, klikk lagre og send inn endringa til Strålevernet for handsaming

  • Meldestatus er ein eigenskap som omhandlar kva stadium ei melding har, i prosessen mellom verksemda og Strålevernet

  • Meldestatus kan ha verdiane:

    • Utkast – Er ei melding som er påbyrja og lagra hos verksemda, men ikkje send til Strålevernet

    • Innsend – Melding som er innsend til Strålevernet

    • Under arbeid – Melding som er under handsaming hos Strålevernet

    • Avslutta – Melding som er ferdig handsama hos Strålevernet

  • Meldestatus har i tillegg eit kvadratisk farga symbol der verdien kan sjåast ved å flytte markør over symbolet.

bottom of page